I helga arrangerte Agder Fuglehundprøve på Hovden, og fleire av kvalpane etter Frekka-Birk var til start.
På fredagen hadde Stompa sin første prøvestart, og eg var så nervøs som eg aldri har vore før på prøva. Men Stompa var klar, i første sleppet gjekk han veldig godt , og i starten på andre slipp også, men så har han nok trimma nokre ryper og blei desverre litt for lenge vekk. Men eg er veldig fornøgd med debyen han. Vurderte og etterannmelde søndag, men fant ut han fekk kvile.
Hemla og Sondre starta også fredag og søndag, men desverre stang ut. Men eg veit at denne ekvipasjen kjem til å lykkast ganske så snart 🙂
Nipa hadden sin deby i VK, og kom seg til finale. Men då var ho desverre ikkje heilt på.
Wille var også til start og det gjekk strålande , og han fekk seg ein 1.AK, og dermed ny elitehund i NPK. Det var nesten på dagen året før han fekk 1.UK . Gratulere så mykje til Sven Tore og Katrin 🙂
På søndagen starta Svanhild Ida , og det gjekk som det vanligvis gjer når Svanhild starter på prøve ,premie. Dei kom heim med 1.AK! Utruleg stolt ! Tusen takk Svanhild for at du ville stille ho 🙂
I Tromsø starta Kompis og Esben i AK etter stang ut i vk-en dagen før, og dei kom heim med ein ny 1.AK. Kjempe moro! Gratulerer Esben og Anne Merete
Både Ida og Nipa blir parra ved neste løpetid, så gi ein lyd til meg eller Olav Schrøder om du er interessert i kvalp 🙂