Hjem

Kennel Halsenuten held til på Bjåen, ei lita bygd 920 m.o.h.
Kennelen eiges av Ingrid Margrethe og Svanhild Bjåen.

Målet til kennelen er å avle friske og sunne pointere med god jaktlyst,god viltfinnerevene og godt gemytt.

Om oss

Ingrid Margrethe og Svanhild er to systre som driver med pointer.
Den fyrste pointeren kom i hus i 2002, Bjørkollens Reisa, og etter dette har pointeren vore rasen vår. For øyeblikket har me 6 pointere  Bølla, Ata, Stompa , Odin Frekka og Ida.

Me er begge glad å vere på ute, enten jakt på både små- og stor vilt, eller med ski eller fjellsko på beina. Og ein stor grunn til dette er far vår, Sondov Bjåen, som har teke oss med ut på tur og jakt. Han driv og aktivt med jakt og prøver, og er den som trener og fører Bølla på prøve, samt pensjonisten Reisa.

Me bruker pointerane våre til jakt og prøver, men også snørekjøring, både på ski og med slede.
Navnet Halsenuten kjem i frå fjella som ligg bakom Bjåen Turisthytte.

Blogg

2×1.VK til Nipa

På Hovden 2 starta Nipa i VK, og på fredagen kom ho seg vidare til semien på søk. I semifinale vant ho heile partiet sitt med 1VK og fem fuglearbeid, og i finale var ho ikkje snauare enn at ho vant 🙂 Det var ein finale med mykje fugl, og mange godkjente fuglearbeid. Moro at …

Ei strålande helg

I helga arrangerte Agder Fuglehundprøve på Hovden, og fleire av kvalpane etter Frekka-Birk var til start. På fredagen hadde Stompa sin første prøvestart, og eg var så nervøs som eg aldri har vore før på prøva. Men Stompa var klar, i første sleppet gjekk han veldig godt , og i starten på andre slipp også, …

Kontakt oss

Ingrid Margrethe Bjåen
tlf : 47 05 19 47
ingrid_margrethe@hotmail.com

Svanhild Bjåen
tlf: 97 11 07 21
svanhildbjaen@hotmail.com